by Arne Garborg (1851 - 1924)
Kvelding
Language: Norwegian (Nynorsk)
Snøen fell i graae Kveld stilt or mjuke Lufti. Stilt og tett, lint og lett, legg som Dunseng mjuk og slett dunkvit yver Tufti. Veslemøy vondlar Høy i den myrka Løda. Nisselaatt kvìsar smaatt; Tuftekall seg likar godt, naar Buskap fær si Føda. Gamal Kar han er i Gard; strengt han all Ting agtar. Fylgde blid fraa fyrste Tid med i baade Stræv og Strid, og helst han Fjose vaktar. Difor òg veit han fjaag kva han hev i Vente. Graae-Kropp, Raue-Topp kvar den Kveld sin Mjølke-Kopp fær av snilde Gjente. Mat ho ber til Kui kjær, og kvar og ei ho kjæler. Gjerne ho stullar so: altid var ho dyregod og aldri for Nissen fæler. Varme Brunn til tyrste Munn hit fraa Eldhus ber ho. Fær so snøgt Ljos i Lykt, mjølkar Kui lognt og trygt, og breddfull Bytta fær ho. Stelt og god Kui so roar seg til Nattenn' Jortar smaatt, legg seg godt; Tuften kjem med enn ein Dott; dansar so med Katten.
Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Kvelding", appears in Haugtussa, in 1. Heime, no. 2, first published 1895 [author's text checked 1 time against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Arne Dørumsgaard (1921 - 2006), "Kvelding", op. 1 no. 1, copyright © 1941 [voice and piano], Oslo : Musikk-Husets forlag [ sung text not yet checked against a primary source]
- by Edvard Grieg (1843 - 1907), "Kvelding", EG 152 no. 3 (1895). [ sung text checked 1 time]
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2008-08-21
Line count: 49
Word count: 166